
Ein juleforteljing handlar om jula, om å utføre utføre gode gjerningar, og vere godhjarta. I førjulsstria oppstår det ofte problemar og konfliktar, og det er da det er viktig å gjere gode gjerningar. Dei beste juleforteljingar handlar om ønskedraumar, eventyr for vaksne. Auggie assosierer ei juleforteljing med sentimentale og tåredrypande historier.
Auggie Wren gjer ei god gjerning, og det er vel eigentleg det jula handlar om. Ved å besøkje den gamle dama, gjer han ho glad. Han gjer noko som gleder ho. Han greier ikkje å skuffe ho, og seie at han ikkje er barnebarnet hennar. Ved å gjere dette og spele barnebarnet hennar gjer han ho glad, og han gjer ei god gjerning.
Eg trur han ikkje vil røpe namnet sitt, fordi han skammar seg litt over det han gjorde. Det at han utgav seg for å vere barnebarnet til den gamle og blinde dama. Sjølv om han gjorde noko bra for denne gamle dama, så gjorde det ikkje opp for at han stal eit av kamrane hennar. Folk som les denne historia vil kanskje dømme han for denne handlinga, og at dei vil tru på det han skriv. Han vil ikkje bli framstilt som ein lov ulydig mann, som gjer kriminelle handlingar.
Den lokale tobakkskiosken som ligg på hjørnet i sentrum av Brooklyn er hovudplassen i denne historia. Alle historiene er fletta rundt denne, og tida utløpar seg. Han går tilbake i tid, når han fortel historia om den gamle blinde dama, julemiddagen og kameraet. Det at han tek bilete av akkurat det same krysset kvar dag på same tid, visar at kvar dag er ulik, og at det foregår ei utvikling av plassen.
Auggie Wren juleforteljing handlar ikkje berre om ein ting, det er fleire historier som kjem fram i denne forteljinga. Tobakkskiosken er sjølve sentrum i historia, og det er fleire utløp til andre historier. Når Paul skal skrive ei juleforteljing, og han ber om hjelp frå Auggie, da får vi ei ny historie inn i sjølve hovudhistoria. Historia om den gamle dama, som Auggie besøkjer.







